Vedlikehald og reparasjonar

Gjennom dei siste åra har dette blitt den mest ettertrakta teneste til FLX Sykling. Med nesten 20 år erfaring av å fiksa syklar, klarar me å fiksa det meste, alt frå girproblem, til skeive hjul, dårlege eller øydelagde bremsar, til demparservice.

FLX Sykling spesialiserer seg i meir tidkrevjande oppgåver som ikkje alle butikkar har tid til, døme på dette er reparasjon av gaflar, demparar, hydrauliske bremsar, kulelager erstatning og hjulbygging.

Har du meir vanlege utfordringar kan me sjølvsagt også ta oss av dei: ta kontakt viss du har spørsmål.

Prisar:

Kvar reparasjon er ulik, dermed er det vanskeleg å setja faste prisar. Ta kontakt med oss og me vil hjelpa så godt me kan.

Replacing pivot bearing on a trailbike