Coaching

Har du nettopp kjøpt deg ein stisykkel, eller er du usikker på korleis du får brukt den på best mogleg vis? Me vil gjerne hjelpa deg vidare. Som lidenskaplege syklistar forstår me kva du opplever, og kan difor coacha deg der det trengst.

Med lang utdanning og erfaring er me trygge på å gje deg gode opplevingar som du kan ta med deg vidare i sykkelkarrieren. Me har trent syklistar og guidar i over 10 år, frå nybyrjarar til guidar og instruktørar. Gjennom bruk av ulike verktøy som video, terreng og teknikkar som gjer deg bevisst på korleis du handterer sykkelen, noko som du og me byggjer vidare på.

Ta kontakt for meir info, eller viss du har spørsmål.

Prisar:

Prisane er basert timebasert og varierer avhengig av lengda på økta.
60 min:   400 NOK
120 min:  700 NOK
180 min: 1000 NOK